Utdanning

Gmr_grl89

Gmr_grl89

Skribent for Vesp.no

Gaming er ein form for eit pedagogisk verktøy som har mange fordelar.

Gaming forbedrar hånd- og auge koordinasjon

Til og med dei enklaste peik-og-klikk spela krever rask og presis hand-og auge koordinasjon. Etter kvart som nivåa blir vanskelegare i spelet, styrkast hand-og auge koordinasjonen.

Å utvikle desse ferdigheitane kan ha ein stor påverknad på born sidan mange teknologiske verkty krever velfungerande hand-og auge koordinasjon i desse dager. Born vil være godt rusta til alt i frå å køyre bil til gjere det bra i sport med denne kunnskapen.

Gaming utvider born sin hukommelseskapasitet

Mange spel fokuserer på hukommelse og på korleis spelaren kan bruke denne hukommelseseigenskapen i forskjellege miljø, ved å ta med seg informasjon frå ein skjerm til den neste. Hukommelse er ein eigenskap som kan utviklast og forbedrast med øving, slik som ein anna kunnskap, så dersom eit born må teste og strekke hukommelsen gjennom gaming, vil kapasiteten utvide seg over tid.

Gaming lærer strategisk tenking og problemløysing

Dei fleste spel er strukturert slik at dei krever strategisk tenking, og born blir fordjupa i spel kor dei er nødt til å løyse problem gjennom spelet sine levelar.
Med skarpe utvikla problemløysingsevner, vil elever vere betre rusta til å møte utfordringar som dei får for eksempel i klasserommet.

Gaming er ikkje bare ein utmerka måte å utvikle denne evnen på, men også gi dei sjølvsikkerheit til å bruke den. Gaming tilbyr eit støttande miljø til å utforske og utvikle desse ferdigheitane som deretter kan brukast utanfor gaming-verda.

Gaming gjev god datakunnskap

Forskning har vist at det å lære seg å game kan vere ekstra hjelpsomt for elever som strevar med konsentrasjonsvanskar. Tidlig introduksjon til desse lærereiskapa kan dramatisk redusere utdanningsulikhet over tid.

Lekser fyrst, gaming som belønning

Å få unna leksene fyrst før du setter deg ned med gaming, er ein viktig prioritering. Skule og utdanning er viktig for framtida, og er lurt å ha i bakhand sjølv om draumen er å bli ein pro gamer. Det å ha ein god struktur på lekser og skulearbeid setter også gaming-rutina di i system, samtidig som du legger ein grunnstein for eit sikkert liv som gjer deg friheit til å game sjølv når du blir vaksen.