Om VESP

Vestlandet E-sport er ein paraplyorganisasjon for klubbar og lag i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vi set spelarane i fokus og folkehelse først i utviklinga av klubbar og spelarar. Vi ønskjer å bidra til ei sunn utvikling av e-sport og gaming slik at dette vert noko positivt både for den enkelte spelaren, familiane og samfunnet generelt.

Vi jobbar tett med etablerte aktørar og offentlege instituasjonar for å få fram beste praksis i eit folkehelseperspektiv. Gjennom vår verdikjede «Ete. Trene. Sove. Lære. Spele.» vil vi sette fokus på å skape balanse hos spelarane slik at dei lukkast både i den verkelege verda og i den digitale verda. Vi ønskjer flest mogleg klubbar og lag velkomne til fellesskapet vårt!