Våre spelarar finn balanse i livet for å lukkast i spelinga
Vestlandet E-sport er ein paraplyorganisasjon for klubbar og lag i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Vi set spelarane i fokus og folkehelse først i utviklinga av klubbar og spelarar. Vi ønskjer å bidra til ei sunn utvikling av e-sport og gaming slik at dette vert noko positivt både for den enkelte spelaren, familiane og samfunnet generelt.

Ein god skjerm beskyttar augene mot belastning
Tap og vinn med same sinn
Ei rask maskin gjev deg maks ut av spelet
Sittestilling og stol er viktig for kroppen over tid
MED HJARTET PÅ RETTE STADEN
VESP har frå starten teke nokre sentrale val om kva som er viktig for oss og klubbane våre, og det er enkelt sagt å sette spelarane i fokus og sette folkehelse først. Med dette meiner vi at vi vil fokusere på å bidra til at spelarane våre vert individ i balanse, der ein klarer å manøvrere seg gjennom utfordringar og moglegheiter i dagen gjennom god kunnskap og gode haldningar. Vi fokuserer på dei fem punkta «Kosthald», «Trening», «Søvn», «Utdanning» og «Speling» fordi det er i ein balansert kombinasjon av desse at ein vil lukkast som klubb og spelar. Saman med offentlege styresmakter, Idrettsforbundet, ei rekke ekspertar og klubbane skal vi ikkje berre etablere «beste praksis», men vi jaktar på «neste praksis». Vi skal ligge i førekant og løyse problem før dei oppstår!
EIT STERKT FELLESSKAP
Vi kan ikkje få understreke nok viktigheita av å stå saman, for saman er vi sterkare! VESP skal verte gode på å samle klubbar som er like opptekne av nestekjærleik til dei andre klubbane i fellesskapet, der vi tenkjer «ein for alle og alle for ein». Anten ein er heilt fersk klubb som treng oppstartshjelp, eller ein er ein eliteklubb som satsar internasjonalt, så skal ein finne energi, inspirasjon og kunnskap innan fellesskapet. Dette vil bygge seg opp over tid, så lenge ein er lojale mot kvarandre og tolkar kvarandre i beste meining. Vi veit korleis organisasjonar utan fokus vil verte splitta opp, så vi vil ta vare på gode krefter og passe på gode prosessar slik at alle vert høyrt og at ein kjem fram til gode løysingar i fellesskap.
STORLEIK GJEV MEIR EFFEKT
For å utgjere ein positiv skilnad er det ikkje nok berre å ha gode intensjonar eller å vere «konge i eiga bygd». Vi må spreie dei gode haldningane og systema våre slik at vi samlar flest mogleg spelarar under ein paraply som ikkje er styrt av kyniske marknadskrefter, men som har positive haldningar som tek omsyn til kvar einskilt spelar si mentale og fysiske helse. Og så vil vi oppdage at spelarutviklinga vil gå raskare dersom ein gjev og tek i eit sterkt fellesskap med varierte klubbar og varierte spelarar og team! Eit stort mangfald vil gjere at gaming og e-sport vert noko positivt både for familielivet, den einskilde spelaren og samfunnet elles. Lat oss slå eit slag for sunn gaming saman!