Trening

Gmr_grl89

Gmr_grl89

Skribent for Vesp.no

Det er mange gode grunnar til kvifor trening er viktig for ein gamer, alt i frå meir energi og betre persentasjonsevne til betre søvn og stressmeistring.

Meir og langvarig energi

Dersom kroppen din er ute av form, bruker den ikkje energisystema dine optimalt, både mentalt og fysisk. Når du trener regelmessig og variert, både styrke og uthaldenheit, blir kroppen din meir i stand til å nytte resurssane effektivt, sånn at du føler deg mer energisk, til og med på kvelden.

Mental helse og presentasjon

Trening er fantastisk for din mentale helse! Av og til står det om eit millisekund mellom deg og motstandaren din i spelet, og trening hjelper deg med å spisse sansane. Ei treningsøkt er ikkje nok, men veker eller månedar med trening vil hjelpe deg på vegen til eit skjerpa sinn.

Betre søvn

Trening kan hjelpe deg med å sovne raskare og sove betre. Med betre og lengre søvn, blir både musklane og augene dine reparert.

Betre til å takle stress

Å trene kroppen fysisk hjelper deg med å handtere mentalt stress i andre aktivitetar. Sinnet ditt er difor betre rusta til å ta i mot og behandle utfrodringar.