Søvn
Gmr_grl89
Søvn er veldig viktig for å lade og gjennopprette kropp og sjel, reparere muskulatur, regulere hormoner og prossesere tankar og minner.
Lågare søvnkvalitet
Gaming kan føre til mindre og dårlegare søvn. Det kan ta lang tid før man sovnar, og at man ikke sover tungt gjennom heile natta. Langtidskonsekvensane av redusert søvn kan føre til fleire risikoer slik som overvekt og diabetes.
Mindre søvn går utover deg sjølv
Det er lett å fortelle seg sjølv og andre at man ikkje treng mykje søvn. Den normale søvnrytma til folk flest er å legge seg mellom klokka ti og tolv, og stå opp igjen mellom klokka seks og åtte. For store avvik fra denne rytma vil føre til tunge etterverknadar.
Mangel på søvn og forstyrrelse av kroppens døgnrytme har ein negativ påverknad på den mentale oppfatningsevena, som påverkar gameren sin evne til å score høgt. Det blå lyset som strålar fra skjermen har også negativ påverknad på søvn dersom man sitter framfor skjermen tett opp mot leggetid.
Meir søvn, betre reaksjonsevne
Å få ei god natts søvn er vesentleg for at ein gamer skal klare å vedlikehalde reaksjonsevnen i spelet, som er ein av dei viktigaste evnane til ein e-sport gamer. For lite søvn påverkar ikkje berre din evne til å game, men kan også føre til større problemer slik som hjartesjukdomar, diabetes type to, og demens.
Ved å ikkje unne seg kvalitetssøvn, setter du ein stoppar for kor bra du kan prestere når du gamer. Dersom dei beste av dei beste har streng leggetid og prioriterer søvn på toppen av treninga, så kan vi gjere det same.
Kven veit, om vi startar å prioritere åtter timar søvn, så kan det hende at vi kan byrje å håve inn store summar som en pro gamer!